Hugseliste

Du har 0 titlar på hugselista.

Vis hugseliste

Starten av innholdet

SONG, MUSIKK OG SVELER I BIBLIOTEKET

Laurdag 24 november var det duka for musikkafé i Radøy bibliotek på Manger.


Det var elevar frå Radøy musikk- og kulturskule som underheldt dei om lag tretti fremmøtte denne føremiddagen. Og  med eit variert repertoar, og instrument som omfatta både den menneskelege stemma, el-piano og fløyter av ulike slag kunne ein ikkje anna enn sitja og nyte det heile! Litt eigenaktivitet vart det óg då konserten vart avrunda med allsong og tekstar frå Thorbjørn Egner si verd. Og kafémenyen? Jo, den inneheldt heimelaga sveler, sjølvsagt!

 


Musikkskulelevar syngMusikkskuleelevar spelarMusikkskuleelevar syng Egner-tekstar

Brukarkommentarar

Du må vere logga inn for å skrive kommentarar.

Ingen kommentarar