Hugseliste

Du har 0 titlar på hugselista.

Vis hugseliste

Starten av innholdet

Medmennske, samfunnskritikar og poet

Jan-Magnus Bruheim (1914-1988) vart fødd på garden Larksvée i fjellkommunen Skjåk i Gudbrandsdalen. I år feirer vi 100 årsjubileum for ein diktar som sette spor.

Heimeavla vet
Jan-Magnus Bruheim skaffa seg ikkje så mykje skulegong, og sa om seg sjølv at han hadde sværande lite kjøpe-vet og at det vesle vetet han hadde var heimeavla. Men manglande skulegong skulle ikkje bli noko hinder for skaparkraften hans. Allereide som 15 åring skreiv han dikt og på 1930-talet fekk han fleire av dikta sine på prent i blad og aviser. Han debuterte i 1941 med samlinga Stengd dør.
Menneskekjennaren
 Sjølv om Jan-Magnus Bruheim levde aleine, kjende han seg nær knytta til andre menneske, og mange av dikta hans uttrykker kjensler og røynsler mange av oss kan kjenne seg igjen i. Han var oppteken av kontrastane i tilveret og korleis motgong kan gje oss styrke til å gå vidare i livet med litt meir ballast enn vi kanskje hadde hatt utan-
100 årsjubileum for Jan-Magnus Bruheim
BAKGRUNNEN
Skirast skin heggeblomen
i mot det svarte svad.
Kven kjenner eit nei, som aldri såg det
mot bakgrunnen av eit ja?


Kven lengtar mot ljos, som alltid
levde i natti skum?
Ingen kan tala um glede,
som ikkje ei sorg veit um.


Livert er ikkje ålsvart
og livet er ikkje kvitt,
men alle dei skiftande leter
du ber inni hjarte ditt.               ( Frå: "Bilete med bakgrunn" 1957)

Barnevenen
Saman med barn kjende Jan-Magnus Bruheim seg heime, og han såg korleis dei intuitivt forsto meir enn dei vaksne kanskje skjøna- Han var oppteken av folkediktinga med sine gåter og eventyr og skjemtedikt, nytta dess som inspirasjon for eigne barnebøker og vart etter kvart einavdei mest premierte barnebokforfattarane i Norge.
Samfunnskritikaren
For Jan-Magnus Bruheim var verda utanfor seg sjølv like viktig som det å vera til stades i eige liv. Han såg korleis krig og naud øydela livet for mange menneske, og han ønska å ta aktivt del i arbeidet for å skapa ein verd utan opprusting, urett og øydelegging av miljøet. Difor vart etter kvart samfunnskritikken meir synleg i dikta hans.
.
PÅ SKÅLVEKTI
På eine sida av skålvekti
ligg, klok av forstand, og kald,
den store hjerne. Løyst i frå live.
Øyder si kraft til det destruktive,
- gjev seg demonen i vald
.
Og jordi vippar mot avgrunnen.-Sigrid Moldestad

Ennå usulka, ung slekt
gjev av din menneskevarme!
Legg ditt levande hjarte
på andre skåli.
Alt som vil skapa!
Bikke det upp i jamvekt.

Og aldri skal menneska tapa!        (Frå: "På skålvekti" 1947)

Brevet til kjærleiken
Det var ei von for Jan-Magnus Bruheim, at dikta hans ein gong skulle bli tonesette. No er
draumen oppfylt! Med kjærleik til dikta og prosatekstane hans, har musikaren og songaren
Sigrid Moldestad, gitt ut plata «Brevet til kjærleiken» Nokre av tekstane vart til i ein periode av livet då diktaren bustte seg på den vesle plassen Botnane på kysten av Sogn og Fjordane.Der treivst han, og der fekk han  inspirasjon og ro til å finne orda på nytt. "Brevet til kjærleiken" er blitt ei vandring i Jan-Magnus
Bruheim sine landskap og kan vere ei fin bru å gå over for dei som enno ikkje er blitt kjende med diktinga hans!


Kjelde: «Dikt i utval» ved Ove Eide, Skjåk kommune 2014

jan-magnus bruheim

  1. Spegelbrot (1990)

    Omslag for Spegelbrot

    Forfattar: Bruheim, Jan-Magnus

    Språk: Nynorsk
    Klikk for å vurdere Spegelbrot.
    1. Bok (totalt 1) Bok (totalt 1), Spegelbrot
  2. Årringar (1987)

    Omslag for Årringar
    [dikt]

    Forfattar: Bruheim, Jan-Magnus

    Språk: Nynorsk
    Klikk for å vurdere Årringar.
    1. Bok (totalt 1) Bok (totalt 1), Årringar
  3. Flo og fjøre (1984)

    Omslag for Flo og fjøre

    Forfattar: Bruheim, Jan-Magnus

    Språk: Nynorsk
    Klikk for å vurdere Flo og fjøre.
    1. Bok (totalt 1) Bok (totalt 1), Flo og fjøre
  4. Leikande menneske (1982)

    Omslag for Leikande menneske
    dikt

    Forfattar: Bruheim, Jan-Magnus

    Språk: Nynorsk
    Klikk for å vurdere Leikande menneske.
    1. Bok (totalt 1) Bok (totalt 1), Leikande menneske
  5. Den opne handa (1981)

    Omslag for Den opne handa

    Forfattar: Bruheim, Jan-Magnus

    Språk: Nynorsk
    Klikk for å vurdere Den opne handa.
    1. Bok (totalt 1) Bok (totalt 1), Den opne handa
  6. Dikt i utval (1981)

    Omslag for Dikt i utval

    Forfattar: Bruheim, Jan-Magnus

    Språk: Nynorsk
    Klikk for å vurdere Dikt i utval.
    1. Bok (totalt 1) Bok (totalt 1), Dikt i utval
  7. Den kvite hjorten (1980)

    Omslag for Den kvite hjorten

    Forfattar: Bruheim, Jan-Magnus

    Språk: Nynorsk
    Klikk for å vurdere Den kvite hjorten.
    1. Bok (totalt 1) Bok (totalt 1), Den kvite hjorten
  8. Tankefuglar i tunet (1980)

    Omslag for Tankefuglar i tunet

    Forfattar: Bruheim, Jan-Magnus

    Språk: Nynorsk
    Klikk for å vurdere Tankefuglar i tunet.
    1. Bok (totalt 1) Bok (totalt 1), Tankefuglar i tunet
  9. Du i meg (1979)

    Omslag for Du i meg
    dikt

    Forfattar: Bruheim, Jan-Magnus

    Språk: Nynorsk
    Klikk for å vurdere Du i meg.
    1. Bok (totalt 1) Bok (totalt 1), Du i meg
  10. Aldri eldest tidi (1975)

    Omslag for Aldri eldest tidi
    [Dikt]

    Forfattar: Bruheim, Jan-Magnus

    Språk: Nynorsk
    Klikk for å vurdere Aldri eldest tidi.
    1. Bok (totalt 1) Bok (totalt 1), Aldri eldest tidi
  11. Om alle tre var like (1975)

    Omslag for Om alle tre var like
    Barnedikt

    Forfattar: Bruheim, Jan-Magnus

    Språk: Nynorsk
    Klikk for å vurdere Om alle tre var like.
    1. Bok (totalt 1) Bok (totalt 1), Om alle tre var like
  12. Syskenringen og andre barnedikt (1972)

    Omslag for Syskenringen og andre barnedikt

    Forfattar: Bruheim, Jan-Magnus

    Språk: Nynorsk
    Klikk for å vurdere Syskenringen og andre barnedikt.
    1. Bok (totalt 1) Bok (totalt 1), Syskenringen og andre barnedikt
  13. Ved kjelda (1972)

    Omslag for Ved kjelda
    [Dikt]

    Forfattar: Bruheim, Jan-Magnus

    Språk: Nynorsk
    Klikk for å vurdere Ved kjelda.
    1. Bok (totalt 1) Bok (totalt 1), Ved kjelda
  14. Ljosringen (1971)

    Omslag for Ljosringen

    Forfattar: Bruheim, Jan-Magnus

    Språk: Nynorsk
    Klikk for å vurdere Ljosringen.
  15. Grashoppa og andre barnerim (1966)

    Omslag for Grashoppa og andre barnerim

    Forfattar: Bruheim, Jan-Magnus

    Språk: Nynorsk
    Klikk for å vurdere Grashoppa og andre barnerim.
    1. Bok (totalt 1) Bok (totalt 1), Grashoppa og andre barnerim
  16. Menneskehagen (1965)

    Omslag for Menneskehagen
    Dikt

    Forfattar: Bruheim, Jan-Magnus

    Språk: Nynorsk
    Klikk for å vurdere Menneskehagen.
    1. Bok (totalt 1) Bok (totalt 1), Menneskehagen
  17. Reinsbukken Kauto frå Kautokeino (1963)

    Omslag for Reinsbukken Kauto frå Kautokeino

    Forfattar: Bruheim, Jan-Magnus

    Språk: Nynorsk
    Klikk for å vurdere Reinsbukken Kauto frå Kautokeino.
    1. Bok (totalt 1) Bok (totalt 1), Reinsbukken Kauto frå Kautokeino
  18. Røyskatten og andre barnerim (1961)

    Omslag for Røyskatten og andre barnerim

    Forfattar: Bruheim, Jan-Magnus

    Språk: Nynorsk
    Klikk for å vurdere Røyskatten og andre barnerim.
    1. Bok (totalt 1) Bok (totalt 1), Røyskatten og andre barnerim
  19. Brevet til kjærleiken (1976)

    Omslag for Brevet til kjærleiken
    [Dikt og tekstar]

    Forfattar: Bruheim, Jan-Magnus

    Språk: Nynorsk
    Klikk for å vurdere Brevet til kjærleiken.
    1. Bok (totalt 1) Bok (totalt 1), Brevet til kjærleiken
  20. Dikt i utval (2014)

    Omslag for Dikt i utval

    Forfattar: Bruheim, Jan-Magnus

    Klikk for å vurdere Dikt i utval.
    1. Bok (totalt 1) Bok (totalt 1), Dikt i utval
  21. Brevet til kjærleiken (2014)

    Omslag for Brevet til kjærleiken

    Forfattar: Moldestad, Sigrid

    Språk: Nynorsk
    Klikk for å vurdere Brevet til kjærleiken.
    1. Ukjend (totalt 1) Ukjend (totalt 1), Brevet til kjærleiken

Brukarkommentarar

Du må vere logga inn for å skrive kommentarar.

Ingen kommentarar