Hugseliste

Du har 0 titlar på hugselista.

Vis hugseliste

Starten av innholdet

Teskjekjerringa

Vi har mange jubileum å feira i år. Den siste som har vorte markert er Prøysen med opninga av Prøysenhuset på 100-års dagen hans 23.juli. Fleire av bøkene hans er komne i nye utgåver eller nye opplag siste åra.

For oss som hugsar Teskjekjerringa frå «Barnetimen for dei minste» i radioen, var det ekstra kjekt å få forteljingane om Teskjekjerringa samla i ei bok. Heile 47 forteljingar er med i den nye utgåva «Den store Teskjekjerringboka». Borghild Ruud som var illustratør for forteljingane då dei kom ut, har nok påverka det bilete dei fleste av oss har av denne dama, ei helst lubben dame med skaut på hovudet. Statuane som er reist av teskjekjerringa og statuen som blir delt ut som «teskjekjerringprisen» ser og ut til å vera påverka av denne illustratøren. Difor er det litt uvant med den nye versjonen i Annine Qvale sin strek, men også denne kjerringa er full av liv og humor. Den første forteljinga om Teskjekjerringa vart publisert i Kooperatøren i 1954. Kooperatøren var eit medlemsblad for Samvirkelaga, der Alf Prøysen skreiv og illustrerte dei fyrste historiene. I 1955 brukte han forteljingane om Teskjekjerringa i «Barnetimen for de minste» for fyrste gong. I bokform kom ikkje forteljingane før i 1957. Faktisk kom første bok ut eit år tidlegare i Sverige. Teskjekjerringa lever i eit lite hus i skogkanten i ei jordbruksbygd, saman med ein heller sur ektemann. I alle forteljingane vert kjerringa lita som ei teskei, gjerne når ho har det som travlast. Som lita har Teskjekjerringa evne til å kommunisera med dyr, men elles er alt som det brukar å vera. Kjerringa har alltid eit eller anna som skulle gjerast. Andre vaksne, inkludert mannen hennar, har vanskeleg for å akseptere det dei ser, så Teskjekjerringa må stola på dyra og på ungar ho møter. Ungane har ikkje problem med å akseptera den vesle dama. Dyra er ikkje alltid like venlegsinna i utgangspunktet, men med kløkt og klokskap får ho dei over på sin side. Saman med dyra og ungane får ho gjort alt ho har tenkt seg og brått er ho stor igjen. Bøkene om Teskjekjerringa er omsette til heile 23 språk. Det er reist fleire statuer, m.a. på domkyrkjeodden på Hamar og no i sommar på Tromøya der Prøysen hadde hytte. Ho har og fått eigen pris som vert delt ut til utøvande eller skapande kunstnarar innan musikk eller dikting særskild retta mot barn. Ungar i dag har kanskje vanskeleg for å forestilla seg gamaldags landhandel, klesvask i bekken og tradisjonelle kjønnsrollemønster. Noko dei likevel kan kjenna seg att i, er å hjelpa andre. Teskjekjerringa både får hjelp og gjev hjelp i dei merkelege situasjonane ho hamnar i. Det er noko både vaksne og unge har godt av å tenkja over i dagens samfunn.

  1. Den store teskjekjerringboka (2010)

    Omslag for Den store teskjekjerringboka

    Forfattar: Prøysen, Alf

    Språk: Bokmål
    Klikk for å vurdere Den store teskjekjerringboka.
    1. Bok (totalt 1) Bok (totalt 1), Den store teskjekjerringboka
  2. Fortellingene om Teskjekjerringa (2007)

    Omslag for Fortellingene om Teskjekjerringa

    Forfattar: Prøysen, Alf

    Språk: Bokmål
    Klikk for å vurdere Fortellingene om Teskjekjerringa.
    1. Bok (totalt 1) Bok (totalt 1), Fortellingene om Teskjekjerringa
  3. Teskjekjerringa ordner opp (2004)

    Omslag for Teskjekjerringa ordner opp

    Forfattar: Prøysen, Alf

    Språk: Norsk
    Klikk for å vurdere Teskjekjerringa ordner opp.
    1. Bok (totalt 1) Bok (totalt 1), Teskjekjerringa ordner opp
  4. Teskjekjerringa på nye eventyr (2004)

    Omslag for Teskjekjerringa på nye eventyr

    Forfattar: Prøysen, Alf

    Språk: Bokmål
    Klikk for å vurdere Teskjekjerringa på nye eventyr.
    1. Lydbok CD (totalt 1) Lydbok CD (totalt 1), Teskjekjerringa på nye eventyr

Brukarkommentarar

Du må vere logga inn for å skrive kommentarar.

Ingen kommentarar