Hugseliste

Du har 0 titlar på hugselista.

Vis hugseliste

Starten av innholdet

Linda Eide, Hanne Frosta og Stompakaker

Linda Eide står og prater

Det er ikkje kvar dag man kan meske seg med lokale delikatesser på Osterøy bibliotek.

Men når forfattar og programleiar Linda Eide og kokk Hanne Frosta vitjar vår litterære lunsj må vi diske opp med noko ekstra godt.

Dei var her for å fortelle om boka dei har skreve i lag - Norske Smakar

Boka er ei utforsking av norske råvarer - med oppskrifter.

 

Omslaget til boka Norske smakar 

 

Frå Forlaget:

"I jakta på gode råvarer og sterke smaksopplevingar reiser dei på smale grusvegar, gjennom tronge dalar og til oasar midt i byen. Her lagar dei Hanne sine beste rettar av sesongens råvarer og det som vert hausta, slakta og fiska i nærleiken.
 
Med Linda Eide sitt vittige skråblikk, kunnskapen til Hanne Frosta og Thor Brødreskift sine fotografi, er dette ei uimotståeleg og inspirerande kokebok."

 

82 publikummarar fyllte lokala på Osterøy Bibliotek 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Om det var boka, gjestene eller lovnaden om stompakake, som fekk Ostringane til å gå mann av huse denne torsdag formiddagen treng ein ikkje å spekulere i.

I alle høve: 82 besøkande blei talt, alle bøkene forfattarane hadde med seg vart utsolgt, og alle var samde om at det hadde vore eit særs vellukka arrangement.

Og for å gjere lukka komplett, var det eit par stompakaker igjen til bibliotekaren som satt kveldsvakt.

Brukarkommentarar

Du må vere logga inn for å skrive kommentarar.

Ingen kommentarar