Hugseliste

Du har 0 titlar på hugselista.

Vis hugseliste

Starten av innholdet

Eplehagen

Framsidebilete for Eplehagen
Tittel: Eplehagen
Forfattar: Storberg, Marianne
Klikk for å vurdere Eplehagen.
Foreslått av: Meland: Solveig Eikeland

Eplehagen er ein historisk roman frå tida rundt 1814. Det er urolege tider både i Norge og i Europa. Vert det krig eller sjølvstende? I boka vert me kjent med apotekdottera Maren sitt liv. Ho veks opp som einebarn med velståande foreldre.

Maren synes det er spanande å vera med faren både i apoteket og ute i apotekerhagen. Ho har stor interesse av alt som spirer og gror. Ho får og vera med når faren lagar medisin og miskturer til kundane.  Mora er mest opptatt av at Maren skal verta godt gift og arrangerer  fine middagar med høgtståande menn. Ho klarer til slutt å få Maren gift med den danske offiseren Jørgen Wiese. Ekteskapet vert ein skuffelse for Maren, då Jørgen er meir opptatt av seg og sitt.  Jørgen vert sendt ut på grensevakt og der vert han alvorleg såra og døyr av skadane som han pådrog seg. Maren er no ei ung enke og søker seg jobb som guvernante hos presten Johannes Høeg i Asker. Ho får jobben og når ho kjem dit finn ho tre små jenter som er ganske ville. Mora har reist til København. Johannes Høeg er  opptatt av politikk og jordbruk og når Kronprins Karl Johan varslar ein større premie til det beste jordbrukstiltaket i Norge
får han ideen om å anlegge ein av dei største eplehagane i landet. Han tilsett Carl som kjem frå Sverige og som er ein dyktig mann. Kva som vidare skjer med eplehagen,  Maren og Carl finn du ut når du les boka.

Brukarkommentarar

Du må vere logga inn for å skrive kommentarar.

Ingen kommentarar