Hugseliste

Du har 0 titlar på hugselista.

Vis hugseliste

Starten av innholdet

Kurt Johannessen turnerer Nordhordland

I haust har me invitert kunstnaren Kurt Johannessen til å besøke alle biblioteka i Nordhordlandssamarbeidet.

Kurt Johannessen er frå Dale i Vaksdal,
Han blir rekna som ein av Norges mest kjende performancekunstnarar og har reist verda rundt med utstillingar og arrangement.

Slik så det til dømes ut då han vitja Arna i fjor vinter med Brødmannen


 

Brødmannen 2  Brødmannen 1

Han er og etterspurd som inspirator i kurs og møtesammanheng.
Johannessen har gitt ut om lag  80 bøker for både barn og vaksne.
Desse bøkene er knytta kunsta hans frå  performance og utsillingar og han han gir ut på sitt eige forlag, zeth.

 

På bibliotekturneen i haust blir det nokre barnearrangement for skuleklassar og nokre for vaksne

På barnearrangementa blir det i opplesing og framsyning av bilete frå boka Eg er ein frosk.

Eg er ein frosk

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Om denne seier Dagbladet:
"Denne boka handler om et lite barn med en froskedrakt. Pluss en flue. Og en elefant, selvfølgelig. Og hvorfor ikke et villsvin, og en hund, og en leopard og en krokodille og en flokk nesehorn. Ja, det handler denne boka om.(…)Om dette høres forvirrende ut, er det bare fordi boka følger sin egen, besynderlige og poetiske logikk, fram mot den uavvendelige slutten. Her får små, nysgjerrige barn noe å bryne seg på. Boka innbyr til å bruke fantasien på både ord og bilder. Gnistrende originalt, og utført med en imponerende klarhet. Passer til unger fra ett til ett hundre. Det kompliserte er det enkle, og omvendt."

 

 

På arrangementa for vaksne skal Johannessen ta for seg Om – bøkene, ein serie filosofiske billedbøker som tek for seg ulike tema som Tid, Tankar, og det utan meining, med tekst og illustrasjonar. Det kan til dømes sjå slik ut: Kurt Johannessen - om Tanken

 

Tider for Kurt Johannessen - Om noko:

Meland bibliotek 5. sept.ember 19.00

Osterøy bibliotek 8. september 18.00

Fedje bibliotek 3. oktober 18.00

Lindås bibliotek 24. 0ktober 19.00

Velkomen til ein fantasieggjande og annleis kveld på biblioteket. (Turnéprosjekt i Nordhordland, støtta av Nasjonalbiblioteket.)

 

 

Brukarkommentarar

Du må vere logga inn for å skrive kommentarar.

Ingen kommentarar