Hugseliste

Du har 0 titlar på hugselista.

Vis hugseliste

Starten av innholdet

Kristin Sørsdal om migrantruter, menneskeverd, murar og Middelhavet

Foredrag om flyktningar, Middelhavet, omsetjing, språk og reiser.

Tid og stad:

  1. måndag, 16. april 2018 Tid: 19:00 Lindås bibliotek, Knarvik senter
Pris: Gratis Publikum: Vaksne
Omsetjar og forfattar

Kristin Sørsdal har arbeidd som friviljug flyktningehjelpar ved Europas yttergrense langs strendene ved Middelhavet. Ho har omsett Allessandro Leogrande si bok «La frontiera» (norsk tittel: «Grensa») til norsk, men mest kjend er ho for å ha omsett Napoli-trilogien til Elena Ferrante.  Arbeidet har ført ho til Italia mange gonger dei siste åra og i 2014 var ho på Lampedusa for å arbeide med sin eigen roman, «Mare». Foredraget er ei personleg reise driven av eit ønskje om sjølv å sjå flyktningestraumen over Middelhavet til Europa. Omsetjing, språk og eigne reiser er ein raud tråd gjennom foredraget.

Om Kristin Sørsdal (1966).
Lærar, forfattar og omsetjar. Har i mange år arbeidd i norskopplæringa for innvandrarar, har mellom anna omsett bøkene til Elena Ferrante og gitt ut 3 romanar. Den siste, «Mare» kom i 2017.

Arrangementet er eit samarbeid med Hordaland fylkesbibliotek.

Gratis inngang.

Alle er velkomne!

 

 

Brukarkommentarar

Du må vere logga inn for å skrive kommentarar.

Ingen kommentarar