Hugseliste

Du har 0 titlar på hugselista.

Vis hugseliste

Starten av innholdet

Meland bibliotek

Meland bibliotek sitt hovudbiblioteket ligg i andre etasje i Frekhaug Torg. 
Gå innhovudinngangen og opp trappa. Heis finn depå høgre hand når de kjem inn i hallen. I gangen utanfor biblioteket, under vindauga er det ein svart innleveringskasse der du kan levere bøker utanom opningstida.

eBokBib Hordaland er ein del av vårt tilbod. Kontakt oss for lånekort og pinkode og informasjon.

Følg gjerne Nordhordlandsbiblioteka på Facebook.  

Innganspartiet til Meland bibliotekInnganspartiet til Meland bibliotek 

Meland bibliotek og Lindås bibliotek har gått saman under namnet Strilabiblioteket. Hovudbiblioteka på Frekhaug og Knarvik er meirope. Det vil seie at du kan låse seg inn og nytte biblioteket mellom klokka 07.00 og 22.00 på kvardagar og frå 07.00 - 20.00 laurdag og søndag. Vi lagar ein kontrakt med deg som er over 18 år og så nyttar du lånekortet til å kome inn. Les kontrakten her: Kontrakt til meirope bibliotek. For å i vareta alles tryggleik er der montert overvakingskamera i lokala.

Vi har eventyrstund ein gong i månaden haust og vinter og tar imot skuleklassar etter avtale. Både barnehagane og skulane er velkomne til å låne depot frå samlingane våre.  
På bloggen Les for meg no finn de lesetips retta særskilt mot barnehagane og førskulebarn. 
Meland bibliotek samarbeider med foreninga  Leser søker bok. Målet deira er at alle skal ha tilgang på gode bøker tilpassa sine ulike behov.  På sida http://boksok.no/ finne de oversikt over bøker foreninga ønskjer formidle, og mange av dei finne de på biblioteket vårt.

Meland bibliotek har fleire arrangement i løpet av året. Her er programmet for hausten 2017: Strilabiblioteket sitt haustprogram

Marit Gro Berge er biblioteksjef. Guri Aarhus er bibliotekar på hovudbiblioteket. Solveig Eikeland er avdelingsleiar og skulebibliotekar på Rossland.  Inger M. Tingstad er bibliotekar på hovudbiblioteket.
Rossland avdeling er ein barne- og ungdomsfilial i kombinasjon med skulebiblioteket på Rossland skule.
Vi ønskjer deg velkommen til oss og vil gjere vårt beste for å yte god sørvis.

Lindås og Meland bibliotek driv Nordhordland Litterære Selskap, ei samtalegruppe om litteratur. Gruppa er ope for alle interesserte. 

 

 

 

Opningstider

16.10.2017 - 22.10.2017
Måndag
14:00 - 19:00
Tysdag
10:00 - 16:00
Onsdag
Lukka
Torsdag
14:00 - 19:00
Fredag
10:00 - 14:00
Laurdag
11:00 - 15:00
Søndag
Lukka

Biblioteket er meirope: måndag-fredag: 7 - 22 og laurdag, sundag: 7 - 20. Ta kontakt med personalet for å få tilgang til og informasjon om meirope bibliotek.

Sommaropningstider frå og med 15. juni og til og med 15. august:

Tysdag og torsdag:  kl. 14-18

Fredag: kl. 10-14

Vis meir informasjon om Meland bibliotek
Adresse
Havnevegen 29
5918 Frekhaug
Tlf.
56171080
Fax.
56171081
E-post
bibliotek@meland.kommune.no