Hugseliste

Du har 0 titlar på hugselista.

Vis hugseliste

Starten av innholdet

Nordhordlandsbiblioteka

Biblioteka i Nordhordland er ein oase for informasjon, kunnskap, rekreasjon og inspirasjon!

 

Velkommen til biblioteket

Liggande figur som les

I 1992 starta biblioteka i Nordhordland prosjektet ”Fagspesialisering og felles ressursutnytting. Oppbygging av eit fast organisert biblioteksamarbeid mellom 7 kommunar i Nordhordland”.  Sidan den gongen har 7 blitt til 8: Modalen bibliotek vart med i samarbeidet for nokre år sida. Dei andre biblioteka er Austrheim folkebibliotek, Fedje folkebibliotek, Lindås bibliotek, Masfjorden folkebibliotek, Meland bibliotek, Osterøy bibliotek og Radøy bibliotek.

Målet om å byggje opp eit fast organisert samarbeid er nådd for lengst. Under mottoet ”til beste for brukarane” har biblioteka idag felles katalog og felles omkøyringsordning (AUFERA) som sikrar alle i Nordhordland lett og rask tilgang til bøker og andre medier frå heile regionen. Biblioteka ønskjer å fungere som lokale litteraturhus med aktivitetar for alle aldersgrupper og under logoen NB8 (Nordhordlandsbiblioteka i 8 kommunar) marknadsfører vi aktivitetar som finn stad på biblioteka.

figurer danser på pc

Biblioteka har sidan prosjektstart gjennomførd mange samarbeidsprosjekt som mellom anna ”Den rullande skattkista” , ”Les-for-livet!” ”NELL (Nettverk for livslang læring)”, ”Nye tider-nynorsk!” , ”LeLitt-litteraturfestivalen 2011” og ”Best-i-test”. Våren 2013 skal biblioteka mellom anna samarbeide om eit oppsøkjande prosjekt med bokbussen Nyfiken kalla ”Nytte og hygge”.

Har du ønskje om lokale arrangement eller framlegg til nytt innhald i mediesamlinga? Vi set stor pris på innspel frå brukarane våre. Ta kontakt med ditt lokale bibliotek!

 

CS Library-RSS

Arrangement

  1. Eventyrstund

    Eventyr
    torsdag 04 januar 2018 10:30

    Velkommen til eventyrstund på biblioteket!

  2. Eventyrstund

    Eventyr
    måndag 08 januar 2018 10:30

    Velkommen til eventyrstund på biblioteket!

  3. Språkkafe

    Kaffekopp
    måndag 08 januar 2018 14:00

    Velkomen til språkkafe. Lindås bibliotek arrangerar språkkafe for dei som ynskjer å snakke betre norsk og som ikkje har norsk som morsmål.

CS Library-RSS

Nyheiter

Inga nyheit akkurat no